
Geir P. Stokke har brei leiar- og utviklingserfaring frå kultur-, reiseliv- og kunnskapssektoren, og arbeidar i dag strategisk i Hermetikken Kulturnæringshage. Han har lang praksis med å bygge og leie samarbeidsstrukturar og bedriftsnettverk innan reiseliv og kreativ bransje. Geir er særleg opptatt av korleis tillit, struktur og felles mål skaper kraftfulle bedriftsnettverk som løfter både enkeltaktører og heile bransjar.
Geir har mellom anna vore styringsgruppeleiar for Arena Lønnsomme Vinteropplevelser, prosjektleiar for Lofoten Film Collective og Filmklynge Nord. Han vil vise til desse nettverka som caser, og fortelle litt om det kreative samiske nettverket Daiddadallu.
Geir er også mentor for styringsgruppa til Sildring.