Vi inviterer til Kick off og håpar du kjem!
Kreativt nettverk
med utspring i Kinn
Sildring er eit nettverk for kreative folk. Vi vil vere eit samlingspunkt for alle som jobbar med eller er nysgjerrige på kreativ næring i Kinn og nærliggande strøk.
Bli kjend med SildringNytt
Velkommen til Sjåast på Husabula!

Neste samling kjem snart - meld deg på nyhetsbrev for å få siste varsel!

Kick off på Vesle Kinn vart ein suksess! Takk til alle 70 som møtte oss i Florø!
Vi inviterer til Kick off og håpar du kjem!

Styringsgruppa er på plass og klar for å skape Sildring saman med dykk.
Nytt
Sildring er i gang!
Eit fellesskap der kreative menneske møtast.
Der idear, tankar og prosjekt kan få rom og næring til å vekse. Fordi dei blir delt, fordi vi ikkje berre er ein person, men fleire som bærer det heile saman.
Sildring skal vere ein raus plass. Ein stad utan jantelov, utan spisse albogar. Ei kjelde til inspirasjon og samarbeid.
Her møtast profesjonelle og frivillige – kunstnarar, designarar, musikarar, forfattarar, filmskaparar og andre skapande menneske – for å dele idear, erfaringar og ressursar.
Gjennom Sildring legg vi til rette for fagleg utvikling, synleggjering av lokale talent, og nye samarbeid på tvers av ulike bransjar.
Vi vil vere ein open og inkluderande arena for alle som vil skape, utforske og bidra til eit levande og mangfaldig kulturliv i regionen.
Sildring blir til det vi skapar saman.
Om Sildring